Ikkje galen, berre ny

Å bu i ein ny by byr på sine utfordringar. Ein veit ikkje kvar noko er og må konstant spør etter vegen. Ein må passe på sine eigne pengar, kjøpe eigen mat og gjere ting ein trudde tyda at ein var vaksen. Heilt ærleg så syns ikkje eg at eg er så mykje meir vaksen enn eg var for to veke sidan når eg lå i senga mi i Ålesund og drauma om kvardagen og livet. Og med gode vener og omsorgsfulle foreldre som forstår at ein må få nattamelding dei fyrste kveldane vekke, så trur eg at livet i Bergen skal gå bra. Eg har ein heil by å utforske. Eit heilt bibliotek eg enno ikkje har vore i. Ein ny skule. Og mange nye folk å møte. Det skal gå bra. Sjølvsagt kjem det dagar kvar eg tenkjer at eg er møkk lei. Men eg ville ikkje bytta det vekk for noko. For eg har jo tatt valet, så eg må berre stå andlet til andlet med konsekvensane. Så får eg sjå i etterkant om eg er nøgde. Ta rekninga då, snurpe sammen leppa eller glise og berre gå vidare til neste post.

One thought on “Ikkje galen, berre ny

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s