Well at a certain time of night, now I’ll become one with the wind

Nokre dagar må ein berre skru av hovudet. Berre gjere det ein må gjere. Sove fire tima på sofaen midt på dagen fordi ein faktisk vert sliten av å vere student. Sjå to episodar av ein tv-serie. Nokre dagar er det berre så utroleg mykje som skal gjerast, at det luraste eigentleg er å rulle på skuldrane og gløyme alt. Berre for ein dag. Teikne krusedullar uten meining i notatboka. Drikke ei bøtte med te og melk. Høyre på favorittmusikken. Bob Dylan. Lese side opp og side ned i ei bok som ikkje har med pensum å gjera. Titte på skule til neste haust. Sove litt til og berre koble ut. Ein kan ikkje vere flink pike kvar dag, nokre dagar må ein også vere litt egoistisk. Ta seg ein bit sjokolade. Berre vere til, puste ut og puste inn medan ein gjer akkurat som ein vil der og då. Lade opp att batteria. Vaske klede, lage middag, vaske oppvask og neglisjere roterommet litt lengre. Skrive litt skulenotatar – men ikkje meir enn ei side. Ein kan ikkje vere flink pike heilt enno. Det er framleis 40 minutt til midnatt. 40 minutt med egotid. Tittar på sas og norwegian og drøymer om reiser til fjernt og nær. Litt rart å tenkje på at livet mitt er heilt ope dei neste åra. Drikk ei bøtte te til, så seier eg hei til senga trur eg. Amos Lee syng i øyret om å arbeide på eit nattog. Kanskje tar eg tog ein stad ein dag. Kven veit. Tar det i morgo. God natt fine internettmennesker.

2 thoughts on “Well at a certain time of night, now I’ll become one with the wind

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s