My trip to Falmouth, del 2

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERAVel inne på Dolly’s, etter å ha vore i nokre antikk-butikkar, bestilte vi oss sandwicher, te, kakao,og scones med clotted cream og syltetøy.  Begge dro fram kameraet, eg var i draumeland og Mari veldig fornøgd med favorittstaden sin. Ei dame ved sidan av kommenterte at maten vår så lovely ut. Som stor fan av fugleperspektivet tok eg sjølvsagt to bilete av bordet i ståande posisjon. Det er nesten greitt at Dolly’s kun finns i England, for om vi hadde hatt same i Bergen hadde eg vore der kvar dag. Etterpå hadde vi i grunn litt dårleg tid, men skvisa inn eit lite besøk på Seasalt og kjøpte oss klede på salg, eit anna lite besøk på ein baker og kjøpte skikkeleg brød, ein gullsmed der Mari kjøpte seg øredobbar og til slutt ein kjapp tur på butikken for å kjøpe frukostblanding og melk. Vi bestemte oss for å spare middagen til kvelden og stakk avgårde for å nå Maris operakor. Eg har for å seie det ingenting i mot å site ei stund og høyre på opera, teikne og ha tea-break ilag med sangerane. Vi rakk ikkje siste buss eller tog og måtte ta taxi heim, men trøsta oss med ost, vin, kjeks og god middag. Laurdag vart litt annleis enn planlagt, men vi tok det heilt roleg, så Girls og berre pusta ut. Ti over halv seks tok eg toget til Truro og byrja på nytt med ei endå lengre kina-reise enn til. Men til tross for at eg var på reisefot i ca. 25 timar (eg forstår ikkje greia med at kollektiv transport skal slutte heilt å gå før tolv), så var det verdt det. Eg fekk jo sjå min flotte besteven att og sjå korleis ho har det! No er det litt sakn og mykje glede over å ha vore der som eg sit igjen med i grunn.

Kva har de gjort i det siste?

Advertisements

2 thoughts on “My trip to Falmouth, del 2

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s