Når tida ikkje strekk til og eksploderar

Er det ein lærdom eg har fra 2013 er det å verte meir klar over at døgnet berre har 24 timar, og dagen ein har til å gjere ting på sjeldan er meir enn 15-20 timar. Eg gjekk på smell etter smell med tidsfristar fordi eg hadde for mykje å gjere, og eg skammar meg verkeleg over det. Det hendte nok fordi eg er ein person som vil gjere alt, få til alt og vere med på alt. Og fram til 2013 har eg som regel klart kabalen. Men så vart det plutseleg for mykje. Plutseleg hadde eg ikkje vore på universitetet på nærast ein månad fordi eg var så opptatt med «det verkelege livet». Plutseleg sleit eg med helsa, var stadig svimmel og drakk altfor mykje kaffi. Og fekk nærast angst av å tenke på facebook eller e-post. Den kjensla av å ikkje strekke til og å skuffe andre er ei av dei verste kjenslene eg har hatt, det er som om magen er ei drue i ein vaken vulkan. Men eg haldt fram med å leve livet slik, lenge etter at den første smellen kom også. No har eg heldigvis lagt det livet på hylla, og eg må berre gjere mitt aller beste for at livet ikkje vert på same måte. No bur eg midlertidig i London, har inga studentforeining, ingen jobb eg må troppe opp på i alle fall 3 dagar i veka. Eg har riktignok også færre vennar rundt meg enn eg er vane med, men eg veit eg har alle saman berre tastetrykk unna om eg treng dei. Det eg ikkje kan garantere er om bloggen kjem til å leve særleg lenge vidare, eller om den kjem til å døy ut slik tendensane har vore. Skal sjå kva eg tar meg tid til. Men no veit du som les, litt kvifor eg knapt har blogga i 2013.Bilde tatt 15.01.14 kl. 18.33(slik eg ser ut om du ser meg på webkamera nett no)

Advertisements

5 thoughts on “Når tida ikkje strekk til og eksploderar

  1. Det er så fint det du skriver 🙂 Noen ganger tror man at man er superwoman og kan gjøre alt. Men det kan man ikke. Ikke hele tiden i alle fall. Jeg håper ikke du slutter å blogge for jeg synes bloggen din er veldig fin.

  2. Men så vips var det 2014 og vips så kan du gi tida eit ballespark og si «heiegerfantastiskogiårkandubareglemmeåoverhumplemeg.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s