Det er ikkje plass til speilrefleksen i veska.

Torsdag var det vinterball for studentane ved SOAS. Det tyder kjole, sminke og litt vin. Det tyder vanlegvis ikkje tre timar til fots før ein finn staden, men det gjorde det altså i går. Heile ballet var ei litt klein greie i grunn, det var som om fleire utøvde sengegymnastikk i finkjoler og dress midt på dansegulvet. Til altfor mange Destiny’s Child-låter. Men det var visstnok ikkje DJ-ens eigen data.

Så i dag var det å vakne, med restane av gårsdagens sminke og allergi-hovne auge. Pollen altså. Etterfulgt av ein sein frukost, nokre timar med å bla gjennom diverse artiklar på nettet, så tutorial på universitetet. Etterfulgt av ein av mine favorittaktivitetar: kaffidrikking. På favorittstaden der eg er fyrste som i år får gratis kaffi og som er på fornamn med dei som arbeidar der. Ein liten ekstraheim utanfor Dinwiddy (der eg bur) og SOAS. I kveld vankar det skype med mor, med ho fine i Falmouth og kake.

London er med andre ord ganske fin og bra, og verkar i grunn ikkje så altfor stor. Men på grunn av storleiken på kameraet mitt, så har eg ikkje så mange skikkelege bilete – orsak. Det kjem nok.

bilde 1bilde 2bilde 3bilde 4

Advertisements

5 thoughts on “Det er ikkje plass til speilrefleksen i veska.

  1. Det er så koselig med stamkaféer i utlandet! De føles litt som å komme hjem, selv om man er borte. Håper pollenallergien gir seg og at helga di blir knallbra!

    • Har alle medisinane eg treng, så eg er berre «puffy eyes» i ein time kvar morgon – og det er ganske greit! Stamkaféar er herleg, kjenns som ein ekstra heim. Vonar du hadde ei god helg du óg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s