it’s like an endless string of tomorrows.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERAOLYMPUS DIGITAL CAMERANår ljoset berre er heilt perfekt, nett der eg vil ha det. Og eg kan gå i rundt i Bloomsbury og Tavistock-området, med Dybdahl si nyaste plate i øretelefonane. Og eg klarar ikkje bestemme meg for kva eg skal ta bilete av, fordi London er så sliten og så vakker på same tid. Med folk som tuslar roleg, med folk som hastar forbi og bilar som står i evig lang kø. Kjellervindu på kjellervindu med gamle blondegardiner, avflassande maling, ny maling, kattar som ligg og søv i dobbeltsenger, par som gjeng i si eiga verd, hundar som er lukkelege i parkar medan dei jagar duer. At London har litt sløv sundag fordi pubane og restaurantane har folk med som tek det roleg, at det framleis ligg litt søppel her og der – noko det ikkje er så mykje av ellers i dei områda her. At det finns ein heil hage av snøklokker berre fem minutter frå der eg bur. At eg er på hils med frukt og grønt-mannen der eg kan kjøpe eit nett fullt av gode greier for 1 pund. Herrejemini, eg bur i London og det er ein sjukt fin by. Med vér nett som i Bergen, berre hakket mildare.

(tittel er henta frå Tomorrow Stays The Same av Dybdahl)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s