I think all the fabulous places I’ve been, the wonderful things that have happened for me, the great people I’ve met – that ought to make a story.

Skjermbilde 2014-03-03 kl. 12.01.10

Det er i alle fall det Ella Fitzgerald har sagt ein gong. Nett no sit eg i ein raud sofa, i eit gamalt butikklokale som no er ein sjokoladefabrikk i utkanten av sentrum i Glasgow. Ser på folk som hastar forbi, kunststudentar, vanlege folk, arbeidsfolk og turistar. Det er framleis litt sol, og det varmar i andletet. Har drukket ein kopp varm sjokolade og skal lese minst ein artikkel til om slaveriet i Afrika. Skal ta nattbuss heim i kveld. Lucie dro heim i dag tidleg, så eg har heile dagen for meg sjølv. Og det er ganske fint, sjølv om det nok vert ein lang dag sidan bussen ikkje går før halv tolv i natt. Eg har med ei bok eg kan lesa på busstasjonen, ei om varme augustdagar av Faulkner. Har lasta ned eit drøss av Språkteigen-podcastar til bussen og vandring i sentrum. Tenkjer på veka som startar for meg i morgon; då vert det full fokus på jobb og studier, før midtermbreak, bestevennbesøk, tante&onkelbesøk og familiebesøk. Det er berre tre måndager att. Kjenn eg meg sjølv rett så vert det nokre gode pauser her og der også. Eg er flink til det med pauser. Vert nok i alle fall ei pause seinare i veka der eg postar litt bilete frå Glasgow. For ein fin by. God måndag då.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s