So if you want to flip to see who’s right I know I’ll win

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

London er i dag ein by med folk som gjeng i t-skjorter, sandalar, shorts, vinterjakker, skjerf og fine hattar. Det er varmt ute og vinteren klarar ikkje lenger halde tak i verda lenger; det er vår no, og han eksploderar sakte i mange fargar, lukter og ljos. Det luktar varm asfalt og blomar ute; nett slik det gjer i Ålesund på varme sommardagar. Men eg sit inne, skal arbeide med artiklar i dag. Har funne fram peanøttsmør og ei spiseskje. Skal lage kaffi etterpå. For i dag er ein slik dag det er tungt og tenke, tungt å dra seg på trening, til tross for ein av dei beste startane ein kan tenke seg med god frukost og ferskt brød. Kroppen vil berre forsvinne kjenns det ut som, berre løpe langt vekk og ligge på ei grasplen ein stad og njuta varmen. Koma seg unna alle dei forelska para i gatene, dei som eg eigentleg ikkje har noko i mot, men som det likevel gjer litt vondt å sjå på i dag. Eg høyrer på gamle slagera som eg kan, berre for å synga med – høgt og falskt. Ikkje så veldig høgt, men falskt i alle fall. Rotar meg inn på bloggar eg ikkje har lese på lenge, blar meg tilbake til i fjor og hugsar kvar eg sjølv var då eg sist las innlegga. Har ein smilande hund som bakgrunnsbilete på telefonen fordi eg er overbevist om at søte dyr får meg til å verte eit betre menneskje. Får meg til å smila endå meir og meir ekte. Nett som smilande småbarn, ein kan ikkje la vere å smile. Skal lese litt Jon Fosse før eg held fram med å lesa skulegreier, få litt vår i meg eg også. For eg er ein som trur på våren frå og med fyrste februar, men i dag har eg framleis litt vinter innst inne. Så no set eg på Beach Boys og seier som Bruce Willis i Die Hard , berre at eg seier det til vinteren og ikkje Hans Gruber: «Yippee-ki-yay, motherfucker.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s