Take a minute girl, come sit down

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

ei liste om meg for tida, fann ho hos eventyrmiriam som fann ho hos practising simplicty.

Eg…

lagar kokosbraud minst ein gong i veka fordi eg vert ikkje mett av vanleg braud.
kokkelerer fylte quinoa-pannekaker.
drikker for mykje kaffi og for lite vatn.
leser så mykje pensum eg klarar og litt til.
vil ha oppgåvene ferdig, også vil eg ha litt ferie.
ser for mykje netflix når eg ikkje får sove, så no har eg forbod i vekedagane.
speler forskjellige lister på spotify, God morgon Møre og Romsdal og jobbgreier.
kastar plastemballasje fordi eg er redd for kakkerlakkar på rommet, og fordi det er langt til næraste resirkuleringsstasjon (dårleg, eg veit).
syr ikkje så mykje, men har planar om det.
ønskjer at alle faga eg tar i London vert godkjend av UIB.
liker skype/google+, kaffistaden, ete og løpe.
venter på neste fredag når eg får besøk, det skal verte så deilig det.
liker varmt brød, reine sengeklede og avokado.
undrar på kvifor skulearbeid kan vere så gøy at det kjenns som eg ikkje gjer noko konstruktivt.
elsker å stå opp tidlig og bruke evigheter på å ete frukost og høyre på radio.
vonar eg ikkje skuffar meg sjølv like mykje i 2014 som i 2013.
forundrar meg over at aksenten min vert verre og verre. Riiiiliii.
treng sove minst 8 timer kvar natt.
følgjer litt hodet, litt hjartet og litt magen.
legger merke til at eg vert veldig påverka av oppgåveskriving, det er som om eg mistar langsynet og berre ser nasen min (ikkje bokstaveleg).
veit at eg får alt til, berre eg vil det og gjer noko med det.
tenkjer på at eg vil ha ein jobb med mykje fridom i framtida.
bokmarkerer bloggar eg oppdagar i eigne favorittbloggar
opner vinduet kvar dag.
ler av meg sjølv som skal vere britisk på radio eller av radioverten i P1 som er så trøytt at han tykkjer det høyres deilig ut med snorking.
kjenner at eg kunne sova frå no og heilt til laurdag (men det er nok ikkje ein god idé, då vil eg berre bli sur og stressa)
tykkjer alle burde lese dette innlegget av Mari om vaginaer, og alle burde høyre på Lia som preikar om eit tema som aldri går av moten.
høyrer Destiny’s Child – Girl heile tida, hildrandedu for ei låt.

 

A list about me. I make coconut bread at least once a week, I make quinoa-pancakes, I drink too much coffee and not enough water, I read as much as I can, I want to finish my papers and have some time off, I spend too much time watching netflix when I can’t sleep, and the list goes on and on. Check out the links though, they’re great and in English.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s