Om å vere naken og komfortabel

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg vert så ubeskriveleg lei meg når eg les om foreldre som ikkje kan vere nakne med borna sine, om mødre som ikkje tør amme utan å vere så og si heilt tildekka, om ungar som byrjar undre på kvifor ein er naken når alle andre er påkledd. Og eg vert så glad fordi både pappaen og mammaen min gjeng rundt nakne heime etter dei har dusja, at dei har gjort at bror min og eg har fått eit mykje meir avslappa forhald til kropp og nakenhet. Kropp er greit, kropp er fint. Slik burde det vere for alle.

Sjølv om eg er mykje meir avslappa no, så har eg ikkje alltid vore det. Dette med garderobe og dusj-sjenanse er noko eg har merka allerede frå slutten av barneskulen. Plutseleg, på eit tidspunkt, byrja jentene å dusje med bikini og badedrakt. Eg hugsar ikkje om eg sjølv gjorde det, sikkert etter hvert, men ikkje med det same. På ungdomsskulen var eg glad fordi eg slapp dusje med dei andre jentene så ofte, sjølv om det gjekk greit når me måtte det – vi hadde nemleg gym dei to siste timane kvar måndag fyrst, så kvar onsdag, så kvar torsdag. Men bikini og badedrakt var framleis eit must når me dusja samans etter gymmen. Eg hugsar at eg var misunneleg på nokre av jentene som turte å dusje heilt naken, bikini var så mykje styr også står ein jo heilt klint opp mot veggen slik at ingen skal sjå nokon ting anna enn ryggen din.

Eg var utroleg heldig med vidaregåande. I byrjinga gjekk nokre av jentene og skifta på toalettet, men gradivs endra det seg og det vart naturleg å dusje heilt naken samans igjen. Der vart det heilt normalt, og ingen gjorde noko stor greie ut av det. Ein kunne ha ubarberte leggar, ein kunne ha glemt å stusse down under, ein kunne ha voksa dagen før; det var ikkje så viktig. Og det skapte, trur eg, eit betre miljø enn det litt angst-fylte badedraktland frå tidlegare år. Dette er noko eg har tatt med vidare i livet, og no som student så tenkjer eg ikkje så veldig over det at eg ein gong ikkje kunne dusje heilt naken med andre mennesker. Men eg fekk meg ein vekkar her i London, for eg har klart å ta meg saman og byrja trene på senter igjen. Og her er det tilbake til ungdomsskulen ser det ut til. Me har dusjbåsar, så ein får dusje og vaske seg utan at nokon ser noko. Greit nok det, det er å foretrekke for mange. Men eg vert i grunn lei meg når eg ser jenter ta med seg heile gymbagen i dusjen for å skifte frå vanlege klede, til treningsklede, for så å gjere det same når dei skal dusje, og kome ut derfrå fullt påkledd. Det er ikkje store dusjbåsar, og det vert varmt og klamt der inne, så det er jo ikkje akkurat ideelt vil eg tru. Ikkje alle gjer det heldigvis, og det har jo litt med forskjellig kultur å gjere kven som er meir komfortable enn andre. Har høyrt at nokon seier at nordmenn er litt vél frigjorte når det kjem til kropp og nakenhet, og det er godt mogleg det er sant. Men det er framleis trist at rundt halvparten av jentene og kvinnene på treningsenteret ikkje kan stå heilt naken i same rom som andre av same kjønn. For kroppen er fin nok, og alle har skavankar, men ingen andre enn du sjølv ser dei skavankane. Mi oppfordring er eigentleg at du skal prøva å dusje naken i svømmehallen, på treningssenteret eller i den type garderobe du er i. Du er fin nok akkurat slik du er, og ingen skal få synse noko anna. Heia deg og heia kroppen!

Advertisements

4 thoughts on “Om å vere naken og komfortabel

  1. Jeg har tenkt noe liknende både da jeg bodde i USA og i Irland. Noe som «Gjør jeg noe galt som ikke har badehåndkle på størrelse med Kina pakket rundt meg (her i garderoben hvor vi alle er av samme kjønn)?», for det var sånn man begynte å tenke når alle andre insisterte på å aldri vise seg. Og det ville vel heller ikke vært å vise seg, for hvem følger vel med på hvordan du ser ut? Jeg følger mer med på om jeg greier å få ut all shampooen av håret mitt enn hvordan sidekvinnen ser ut…

    Det var tilløp til bikinidusjing hos oss også, men bare de første ukene av ungdomsskolen mener jeg å huske og så fant man ut at det var teit og unødvendig og egentlig veldig upraktisk.

    • «så fant man ut at det var teit og unødvendig og egentlig veldig upraktisk» – oh je! Men ja, det er heilt merkeleg, men eg er stor fan av praktisk pakking, så det vesle handkleet får framleis vere med, hehe. Tommel opp og alt sånt.

  2. Jeg har lignende erfaringer fra mine opphold utenlands, og jeg er helt enig med deg. Et avslappet forhold til både sin egen og andres kropp, med og uten klær, er verdt å etterstrebe og å være takknemlig for.

  3. Tilbakeping: Feminist-fint frå dei siste dagane. | Mari Hafsås

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s